Kommunestyret har i strategiplanen vedteke at landbruksplanen skal reviderast no, og plan - og miljøutvalet melder difor om oppstart med landbruksplanen 2024-2027. Landbruksplan skal vere eit politisk styringsverktøy, og syne næringa sine prioriterte tiltak i ein  periode. Administrasjonen skal nytte planen som eit reiskap for å nå måla i planen.

Arbeidet med  å lage utkast til ny landbruksplan for Vinje kommune er sett i gang.  Når utkastet ligg føre vil landbruksorganisasjonar, politikarar, gardbrukarar, reiseliv og andre interesserte i Vinje og få moglegheit til å kome med innspel. Forslag til landbruksplan blir så sendt til politisk handsaming av det nye plan - og miljøutvalet. Planen vil så bli sendt på høyring/offentleg ettersyn.

Her ser du melding om oppstart, samt den gamle landbruksplanen: