Ny informasjon 24.08.23:
Utbyggjar har behov for å omprosjektere bygget. Dette kan medføre utsending av nye nabovarsel. Det vil mødføre at prosessen er noko forsinka og gjennomføring av folkemøte er difor utsett til lenger ut på hausten. Me kjem attende med opplysningar om nytt tidspunkt for folkemøte.


Etter vedtak i kommunestyret i vår, skal kommunen overta området ved Bratlandsbui/Spar for å planlegge og etablere ulike omsorgstenester. Då treng forretningane som held til i dette bygget nye lokale.

Norgesgruppen er i full gang med planlegging av nytt handelsbygg på tomta til rutebilbygget på Åmothaugen. Norgesgruppen ventar å sende ut nabovarsel til dei nærast naboane i løpet av juli.


Kommunen vil arrangere folkemøte saman med Norgesgruppen for dei som er interesserte i planane om lag midt i august. Dato er ikkje fastsett enno, me kjem tilbake med opplysningar om dette ved eit seinare høve.

Planar i eksisterande sak ser du her: