Vinje kommune kunngjer med dette at detaljregulering Arbustøylen 99/4/2 planId 20200007 er vedteke i kommunestyret den 14.09.23, sak 97/23.
Planen legg til rette for fortetting i eksisterande hyttefelt Arbustøylen med eit potensiale på 145 nye einingar med tilhøyrande infrastruktur.

 

Meir informasjon

Meir informasjon om planen ser du her på arealplaner.no | 20200007 > Plandokumenter, og på tenestetorget - kommunehuset i Åmot. 
Du kan og kontakte oss på telefon 35 06 23 00.

Klage på vedtaket

Du kan klage på dette vedtaket. Frist for klage er 28. 11.2023.
Klaga må vere skriftleg og sendast til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no innan 3 veker. Dersom kommunen ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til statsforvaltaren. Statsforvaltaren tek endeleg stilling til klaga.

Heimel

Detaljregulering for Arbustøylen 99/4/2 planID 20200007 vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Klagerett etter plan- og bygningsloven §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningsloven kap. VI. Krav om erstatning eller innsyn jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.