Nedanfor følger siste nytt om statlege og kommunale støtteordningar for straumutgifter og energieffektivisering.

  • Statleg energitilskotsordning: Regjeringa har etablert ei ny søknadsbasert tilskotsordning for verksemder spesielt råka av høge straumprisar. Tilskotet gjeld for kostnadar i fjerde kvartal 2022. Ordninga blir lansert innan kort tid og er administrert av Enova. Følg med på nettsida www.energitilskuddsordningen.no. Her finn du søknadsskjema når dette er klart, og informasjon om ordninga og kva du bør gjere alt no for å førebu ein eventuell søknad. 29. og 30. november arrangerer dessutan Telemark næringshage informasjonskveldar om ordninga. Les meir her og sjå informasjonsvideo
  • Kommunal straumstøtte: Den kommunale ordninga med straumstøtte til næringslivet held fram i fjerde kvartal, med ei ramme på 7 millionar kroner. Ordninga blir først lansert på nyåret, slik at ho kan bli tilpassa den statlege energitilskotsordninga. For dei verksemdene som kvalifiserer til den statlege energitilskotsordninga, vil det vere eit krav at dei søkjer på denne for å få støtte frå den kommunale ordninga. Ei eventuell statleg støtte kjem til fråtrekk på den kommunale ordninga. Dei som ikkje kvalifiserer til den statlege ordninga, kan søke på den kommunale ordninga.
  • Fastprisavtaler: Frå nyttår legg regjeringa opp til at fastprisavtaler skal bli tilgjengelege, noko som truleg vil erstatte statlege og kommunale støtteordningar. Les siste pressemelding frå regjeringa om temaet her
  • Kommunalt fond for energieffektivisering: Kommunen har vedtatt å opprette eit fond for energieffektivisering (ENØK) med ei årleg ramme på 2 millionar. Private verksemder vil kunne søke om støtte frå dette fondet. Planen er å ha ein søknadsrunde i løpet av hausten 2022. Meir informasjon kjem, og søknadsskjema vil ligge på www.vinjenett.no.
  • Kommunal støtte til snøproduksjon: Vinje kommune har løyvd 250 000 kr til Rauland Skisenter AS og 250 000 kr til Haukelifjell Skisenter AS til dekning av svært høge kostnadar i høve til produksjon av snø.

Gå til oversikt over ulike finansierings- og støtteordningar