Velkomen til årets sommarskule i Vinje!

Alle som gjeng i 5.-10. klasse i Vinje kommune har moglegheit til å søkje om å delta på ein eller fleire aktivitetar på sommarskulen. Her kan du plukke og velje ut det du sjølv vil vera med på! Dei som startar i 5. klasse til hausten kan bli med heile sommaren. 

For detaljert program for arrangement utan oppmøtestad og tidspunkt, sjå Vinjenett!

Veke 26:

  • Måndag 24. juni 
    Me tek turen til Bø Sommarland. Påmeldingsfrist 13.06.2024. 
    Det vil gå buss frå Edland med avreise kl 08.00, som stoppar i Rauland og Åmot på vegen til Bø. Bussen vil køyre frå Bø cirka kl 14.30, og stoppar på dei same plassane på veg tilbake. Barna må ta med badetøy, niste og handkle. Solkrem kan óg vera ein fordel. 
  • Torsdag 26. juni 
    Me tek turen til Ridesenteret i Rauland. Her blir det riding og stallaktivitetar for alle nivå. Lunsj er inkludert. Oppmøte på Ridesenteret frå kl. 08.45, oppstart kl 09.00 og ferdig kl 15.00.

Veke 27:

  • Tysdag 2. juli
    Me tek turen til Reinsparken i Edland, frå kl. 9-15. Ta med sykkel, niste og drikke.
  • Onsdag 3. juli
    Me tek turen til trampolineparken RUSH i Drammen 

Veke 28:

  • Måndag 8. juli
    Bli med på karatetrening! Her blir det trening med Skorve karateklubb i idrettshallen på Vinjehuset frå kl 10-14. Ta med niste og treningstøy. 
  • Onsdag 10. juli
    Me spelar Streetball og andre uteaktivitetar ved idrettsplassen på Rauland
  • Fredag 12. juli 
    Denne dagen er det klart for Paracord-verkstad på biblioteket i Åmot! Lag eit kult armband i makramé. Verkstaden opnar kl 10 og sluttar ca kl 14. Ta med niste og kreativt humør. Opplæring vil bli gitt på staden!

Veke 29:

  • Tysdag 16. - onsdag 17. juli
    Fjelltur til Reintjønn med overnatting.
  • Fredag 19. juli - laurdag 20. juli 
    Denne dagen er det klart for filmmaraton med overnatting på Vinjehuset. Ta med sovepose, noko digg snacks og ditt mest komfortable filmkveld-antrekk. Det blir Harry Potter maraton, frå kl 13.00 - 09.00. 

Veke 30:

  • Tysdag 23. juli 
    Bading, grilling og moro på Fagersand, ved Austbø Rauland
  • Torsdag 25. juli 
    Tur til Falkeriset, Spjotar til Rauland sentrum

Veke 31:

  • Måndag 29.- tysdag 30. juli 
    Desse dagane blir det LAN og overnatting på Vinjehuset! Ta med PC eller konsoll med kablar, nettverkskabel, straumforgreining, ei god niste, snacks, vatnflaske og sovepose. Det vil bli servert pizza. Dette arrangementet er for både jenter og gutar. Me startar kl. 15 på måndagen og me tenkjer oss å vera ferdige rundt kl. 7 morgonen etter.

Veke 32:

  • Tysdag 6. august
    Denne dagen blir det radiostyrt dag i Flatdal. Ta med deg ein radiostyrt dings og bli med på en morosam dag saman med sommarskulane i Flatdal og Seljord.
  • Torsdag 8.august  
    Me tek turen til Ridesenteret i Rauland att. Her blir det riding og stallaktivitetar for alle nivå. Lunsj inkludert. Oppmøte på ridesenteret frå 08:45, oppstart kl 09:00 og ferdig kl 15:00.
  • Fredag 9. august
    Me tek turen igjen til Bø, denne gongen til klatreparken Høyt og Lavt. Som til Sommarland, vil det gå buss frå Edland med avreise kl 08.00, som stoppar i Rauland og Åmot på veg til Bø. Bussen vil køyre frå Bø cirka kl 14.30, og stoppar på dei same plassane på veg tilbake. Ta med niste og gode treningsklede, men kle dykk etter veret.

Veke 33:

  • Tysdag 13. august
    Denne dagen tek me turen til Skien Gokart! Meir info kjem.
  • Torsdag 15. og fredag 16. august 
    Desse dagane blir det fotballturnering, meir info kjem.

Påmelding til alle arrangement her, på vinjenett.no

Me håpar me ser deg i sommar!

Kontakt og spørsmål 

Ta kontakt med koordinatorane Sandra Kristiansen, på e-post sandra.kristiansen@vinje.kommune.no og David Rönnlund på telefon 91 69 67 41 eller e-post david.ronnlund@vinje.kommune.no om du har praktiske spørsmål om aktivitetar og opplegg i sommarskulen.

Ta kontakt med verksemdsleiar for kultur og fritid, Kristian W. Rantala på telefon 94 98 38 23 eller e-post: kristian.rantala@vinje.kommune.no om du har andre spørsmål om årets sommarskule i Vinje kommune.