Statens vegvesen varslar i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3, 12-8 og 3-7 om utviding av plangrensa for pågåande arbeid med detaljreguleringsplanen for planID 20220003 E134 Bøgrend- Særensgrend,Vinje kommune. Me viser óg til varslingsbrev av 09.02.23. Utvidinga av planområdet er vist med blå line i kartskisse. Raud line er tidlegare kunngjort plangrense.

Bakgrunn for utviding av plangrensa er at det er naudsynt for meir areal enn fyrst tenkt. Planområdet blir utvida tre stader; i nord/nordaust planlegg me omlegging av vegen til Kåsi, ved Lii skal me sjå på moglegheit for deponiområde/tømmeropplag, og vest for Kjerringdalen trengs det meir sideareal til vegen. 

Dokument i saka finn du her, i arealplaner.no