Kommunestyret i Vinje har bestilt ny reiselivsstrategi. Samstundes har Visit Telemark, på oppdrag frå Vest-Telemarkrådet, sett i gang eit prosjekt for å lage masterplan for reiselivet i Vest-Telemark. Representantar frå reiselivet i alle kommunane er inviterte til å ta del i prosjektet, som også skal munne ut i kommunale handlingsplanar.

Prosjektet i regi av Visit Telemark blir difor første fase i arbeidet med ny reiselivsstrategi for Vinje. Når den lokale handlingsplanen for Vinje ligg føre, vil kommunen vurdere behovet for vidare arbeid, saman med destinasjonsselskapa.

Kommunen skal sette saman ei arbeidsgruppe som skal ta del i Visit Telemark sitt prosjekt, og har bedt kvart næringslag/destinasjonsselskap om å melde inn 2 personar kvar innan 1. august 2022. I tillegg vil kommuneadministrasjonen ta del med 2-3 personar.