Korleis ynskjer DU at det nye bustadfeltet Mobø i Raulandsgrend skal vera? 

Kom på bustadverkstad/folkemøte på Raulandsakademiet, tysdag 20. februar 2024, kl. 18.00-20.00. 
Her kan du koma for å høyre meir om planen, og for å koma med innspel og idear til det nye bustadfeltet. 

Me vil skape eit attraktivt bustadfelt i Raulandsgrend, og ynskjer innspel frå innbyggjarane i Vinje for å forme konseptet og finne ut av kva type bustadfelt dette skal bli. Me ynskjer også å undersøkje høve for å leggje til rette for andre nytenkande alternativ, ut over den tradisjonelle buforma med store tomter og einebustadar, som allereie er tilgjengeleg i kommunen i dag. 

Kva meiner du? Kva kunne du tenkt deg? Korleis lagar me eit spenstig og attraktivt bustadfelt i Raulandsgrend?

Les varsel om oppstart av planarbeid på detaljregulering for Mobø bustadfelt 136/71, Omregulering her 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med plan- og miljørådgjevar Anne-Sofie Bergene Strømme, 
på telefon 48 11 84 29 eller på e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no