Bygget består av 8 bueininger, med fellesareal. Bustadane som er lyse og trivelege er universelt utforma og dermed også tilrettelagd for funksjonshemma. Kvar eining har terrasse eller utgang direkte til bakkeplan.

Med sentral plassering bak Vinje helsesenter, er det kort veg til offentlege kontor og hjelpeapparat.

Bruli er bemanna frå kl. 08.00 til kl. 21.30 alle dagar i veka.

Avdeling for psykisk helse og rus har kontorlokale her.

Søknad om bustad eller tenester skjer til koordinerings- og tildelingskontoret. Ein treng ikkje henvising frå lege for å få tenester frå avdelinga psykisk helse og rus. Personalet i psykisk helse og rus kan hjelpe deg med dette om du har trong for det.